Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Coasteering på Runde

Coasteering er ein fantastisk måte å oppleve naturen på!

På med fullt utstyr (våtdrakt, flytevest, hjelm, sko og hanskar), og ned i vatnet for å utforske ulike område langs land! Her kan ein bevege seg langs sjøen over klipper, svømme og klatre, og kanskje til og med prøve seg på eit lite hopp.

Forrige veke hadde me besøk av Kyrre frå Coasteering.no, som tok oss gjennom fire spanande dagar med kursing, og me har no fire flinke instruktørar på huset. Me har gjort oss betre kjent med jøreområda rundt oss for å lage gode løyper det det er godt å bevege seg i vatnet, og kvar det er mykje å sjå og undersøke. Ikkje heilt overraskande viser det seg at Runde har veldig mykje å by på også frå sjøsida.

Frå før har me  turar der me utforskar fjøra og livet der. Frå hausten kan besøkande også bli med naturrettleiarar og biologar ned i vatnet for å leike, utforske livet i tidevanssona, og bli betre kjent med det fantastiske havområdet som omkransar øya - frå sjøen! Dette blir ein perfekt aktivitet både for skuleklassar, bedrifter som vil ha ein lærerik form for teambuilding, og også for privatpersonar som vil bli med på opne turar. Alle opplegg vil ha fokus på læring, leik og ikkje minst vanntryggheit. Me gler oss til å sette i gang! :)

Del denne artikkelen