Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Forfattarkveld 5.oktober. Monica Goksøyr // Slemme jenter - Samtale med Odd Goksøyr

I august debuterte Monica Goksøyr som forfattar med novellesamlinga «Slemme jenter». Torsdag møter du ho på Runde Miljøsenter, der ho vil lese og snakke om si første, sterke bokutgjeving.

Odd Goksøyr loser oss stødig gjennom kvelden, og me får også nyte nokre musikalske innslag frå Odd undervegs.

Monica Goksøyr født 1990, er oppvaksen på Runde. Ho er busett i Oslo og arbeider som jurist. Monica debuterte som forfattar på Aschehoug forlag med novellesamlinga “Slemme jenter” i august i år. Boka, som er skriven på nynorsk har så langt fått gode anmeldingar i BT, Dag og Tid og Klassekampen.

- Odd Goksøyr er både poet, forfattar og trubadur med lang erfaring. Han debuterte med diktsamlinga «Ein av dei vanlege dagane» på Noregs Boklag i 1976 , og har sidan det jobba fram ei imponerande samling. Verdt å nemne er "aljamarkiR" utgitt i 2020, og 4 omsette samlingar av Robert Bly (frå 2014-2022). Det meste av det produserte frå 75 til 85, med svært gode meldingar i Klassekampen, Vinduet og Vårt Land m.a.
Odd har omsett 40 dikt av Christine De Luca frå shetlandsk - og ikkje mindre 20 songar av Cohen.  Kanskje byr han på ein av sine Cohen-låtar denne kvelden?

Dato: 5.10.2023
Tid: 20:00

Arrangementet er gratis.

Det blir moglegheit for å kjøpe bok signert av forfattaren.

Frå kjøkenet kan du kjøpe lun og god gulrotsuppe med heimbaka brød, og det er mogleg å kjøpe eit øl/vin/alkoholfritt.

Foto Monica // Oda Berby
Foto Odd //Privat

Del denne artikkelen