Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Fuglematlaging 4. desember i lag med Barnas Turlag!

Andre søndag i advent held vi søndagsope for siste gong i år. Bli med oss og lag fuglemat til småfuglane sånn at dei får ein fin vinter!

Siste søndagsope før jul med fuglematlaging!

Andre søndag i advent held vi søndagsope for siste gong i år, i denne anledninga skal vi lage fuglemat til småfuglane sånn at dei får ein fin vinter!

Vår naturrettleiar tek ansvaret for fuglematlaginga i lag med Barnas Turlag Herøy, og det blir mulighet til å lage fleire typar. Alle born (og vaksne) får utdelt kvar sitt sett til å lage av, så lenge lageret rekk.

Vi opnar kaféen frå klokka 11:00-17:00, her blir det salg av kakao, kaffe og kaker, lunsj og middag. Fuglematlaginga foregår frå klokka 12:00 - 15:00. I utgangspunktet vil aktivitetane skje utandørs dersom været tillet det.

Med ei slik oppvarming til juletida, kan vi både ta vare på kvarandre og nokon av dei flygande vennene våre.

Velkommen til ei kjekk stund, me sjåast på Runde!

Arrangementet er gratis.

Vil du sjekke ut arrangementet på Facebook, kan du klikke deg inn her!

Del denne artikkelen