Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Fugletur: Møt våren på Runde- Tur med Bird Life Norge avd Møre og Romsdal

Bli med på ein lærerik tur!

5.mai arrangerer Bird Life Norge avd Møre og Romsdal fugletur på Runde. Kom og bli med dei på ein fin og lærerik tur!

Etter turen inviterer vi til ope senter, med gratis inngang til utstillingane i 2.etg. Ei god anledning til å sjå både sjå og prate fugl og samtidig sjå den fine utstillinga av Rundeskatten.

Utstilling og kafé held ope frå 11:00 -18:00, med servering av lunsj/middag og kaffe/kaker/is.

 

God tur!

-------------------------------

Arrangementet finn du på Facebook

Fugleøya Runde har meir å by på enn lunde! Bli med BirdLife Møre og Romsdal og vandre langs vegen på sørsida av øya denne maisøndagen.

Frå vegkanten har vi god oversikt over strendene og markene. Her møter vi både lokale hekkefuglar og trekkfuglar som kjem frå vinteropphald i Europa eller Afrika. Nokre skal vidare mot nord. Runde ligg midt i løypa!

På turen vil naturfotograf Hallgeir B. Skjelstad, som sjølv bur på øya, fortelje om fuglelivet.

Vi møtest på parkeringsplassen ved kyrkjegarden på Runde og går mot hamna. Turen varer ein time eller to, alt etter veret. Ta gjerne med kikkert om du har.

Dette er ein tur for alle som er glade i naturen og fuglelivet. BirdLife Møre og Romsdal arrangerer turen.

Oppmøtested - Kyrkjegarden på Rund

Kontaktperson: Svein Arne Orvik, tlf. 93 80 69 23

Foto av låvesvale på Runde: Hallgeir B. Skjelstad

--------------------------

Del denne artikkelen