Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Lundefuglen takkar for i år!

Etter endt hekkesesong reiser lundefuglen ut i havet igjen. Der blir den værande til våren, da den på nytt kjem inn og sørger for yrande liv i fuglefjellet. Det er enno aktivitet på fjellet, men hekkesesongen nærmar seg slutten, også for dei andre fuglane som hekkar her.

Dersom du ferdast på Rundefjellet no i midten av august, kan du bli møtt av eit anna syn enn tidlegare på året. Når ungane er store nok til å forlate redet, bestemmer også den voksne lundefuglen seg for å reise til havs, og det kan være vanskeleg å sjå han.  

Dei andre alkefuglane er også reist, men det er ikkje umogleg å sjå ein og anna fugl. Det er heller ikkje slik at fjellet er livlaust! Havsula er enda i full sving med siste matauk for ungane, og ørna har hørt nyss i at det er mogleg å finne mat blant dei. Ferdes ein på myra kan ein kanskje også sjå storjoen som nyt godt av aktiviteten til havsula. Sjølv om lundefuglen har reist frå reira, er det viktig å merke seg at ferdsleforbodet gjeld frå 15. mars til 31. august. Det er også verd å minne om at sjølv om ferdselsforbodet blir oppheva skal ein ferdast med omhug!

Me ønskjer deg ein god tur!

Del denne artikkelen