Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

NYHEIT - Bli med på kveldstur frå Ålesund til Runde!

Opplev sjøfuglmagien i fuglefjellet på Runde

Bli med oss på ei magisk oppleving der storhavet møter land.

På kveldstur til fuglefjellet kjem du tett på både lundefugl og andre fuglar som hekkar på Runde. Du får eit innblikk i sjøfuglane sitt spesielle liv, naturen på Runde og sjølvsagt historia om ein ekte gullskatt frå forliset av Akerendam utanfor Runde i 1725.

 

Ta hurtigbåten frå Ålesund til Hareid. Der blir du kjørt med privat buss til Runde Miljøsenter. Der blir du møtt av ein dyktig naturrettleiar som viser deg rundt i utstillingane på senteret. Du får sjå filmen "Havets sølv", ein fantastisk naturdokumentar om lundefuglane og økosystemet dei er ein del av her på Runde.

Etter omvisinga blir det servert middag, før turen går vidare til fuglefjellet.

 

Turen opp på fuglefjellet tek 45 minutt i lett tempo. På vegen opp er det mykje å sjå, og det blir fleire stopp undervegs. Oppe på fuglefjellet blir det god tid til å nyte utsikta og den salte sjølufta. Ved lundeura kjem ein tett på dei fantastiske lundefuglane.  

 

Er du heldig avsluttar du turen med at sola går ned i havet medan lundefuglane svermar i lufta over hovudet ditt.

Vel nede igjen går bussen tilbake til hurtigbåtkaia på Hareid, og retur til Ålesund.

Inkludert i aktiviteten

• Privat busstransport frå Hareid –Runde - Hareid

• Eigen naturrettleiar på tur til fuglefjellet/lundeura

•Inngang til utstillingane på Runde Miljøsenter

• Husets fiskesuppe med heimebaka brød

• Kaffe/te

• Transport frå Runde Miljøsenter til turstien

•Sitjeunderlag og kikkert til utlån

•Førstehjelp- og sikkerheitsutstyr

Ikkje inkludert i aktiviteten

•Billett til hurtigbåt, kjøpes ombord

Praktisk informasjon /program

15:30 Avreise Ålesund (hurtigbåt frå Skansekaia ved turistinformasjonen)

15:55 Avreise Hareid (buss)

16:45 AnkomstRunde Miljøsenter

17:00 Omvisning og middag

19:00 Avreise frå Runde Miljøsenter til parkeringen i Goksøyr

19:05 Fjelltur

21.50 Avreise Goksøyr (buss)

22:55 Avreise Hareid til Ålesund (hurtigbåt)

Kle og utstyr

•Lette turklær etter været. Det kan bli kaldt på toppen, vindjakke anbefales

•Drikkeflaske og litt ekstra energi til turen

•Liten sekk

•Fotokamera

Pris vaksen: kr 1600,-

Pris born: 900,-

Book billett her: https://www.hivens.no/lundesafari-aalesund

Del denne artikkelen