Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

"Plasthvalen" - Kva skjer med havet vårt?

På søndagsprat den 13. november fortel Christoph blant anna om kvalen som blei funne på Sotra, og korleis havet blir påvirka av plast.

Møt vår nye forskar på Runde Miljøsenter, marinbiolog Christoph Noever.

I januar 2017 stranda ein 6 meter lang blekkhodenebbhkval på Sotra. Den var utsulta fordi mage og tarm var tilstoppa av over 30 plastposar og plastflak. Christoph var den som opna han opp og fekk sjå kvifor kvalen hadde vore så sjuk.

Kvalen blei verdskjent som “plasthvalen” og eit symbol for marin forsøpling.

Søndag 13. november klokka 15:00 vil Christoph fortelle om jobben som blei gjort kring dette, og han vil lære oss meir om korleis dyr i havet blir påverka av plastforureining. 

Vil du lese meir om den sjuke kvalen som dreiv på land ved Sotra i 2017? Her kan du finne Aftenposen sin artikkel om det.

Vi serverer middag, kake og kaffe, og legg til rette for ei hyggelig stund i haustværet. Senteret held ope frå 12:00 - 17:00, Velkomen!

På menyen:
Hjortegryte
Fiskesuppe
Husets fish'n chips
Eplekake, pavlova, karamellpudding og nydeleg is frå Storfjord Iskrem.

Del denne artikkelen