Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

SeaBee på Runde

Kunstig intelligens (AI) gjenkjenner ulike artar planter og sjøfugl på bilete tatt av droner langs kysten

Denne veka har tilsaman 17 deltakarar i forskingsinfrastrukturen SeaBee vore samla på Runde.

Forskarar, dronepilotar og kommunikasjonsmedarbeidarar frå NIVA, NINA, NTNU, SpectroFly og GRID-Arendal har testa moderne utstyr for kartlegging av marine naturtypar, både frå lufta og frå sjøoverflata.

På Runde har dei brukt både droner og sjølvgåande overflatefartøy til å samle inn data på tareskog, ålegrasenger og ulike tang-artar i fjæresona. I tillegg har dei brukt droner til å registrere havsule og måkar på fuglefjellet og til havs.

Tilbakemeldinga frå prosjektgruppa er at det har vore eit svært vellukka feltarbeid i flott vêr og med godt vertskap hos på senteret.

Vil du lese meir om dette spanande prosjektet? Da anbefaler me at du besøker www.seabee.no.

Og vil du ha ei god forklaring og illustrasjon på korleis dei jobbar i prosjektet, sjekk ut denne fine filmen:

Del denne artikkelen