Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Sjønær After Sea

Er du ikkje så dreven innanfor dei ulike aktivitetane? Slapp av, du kan bli med oss på festival likevel!

Møt opp klokka 16:00, og bli med oss på Sjønær After Sea!


Life Stories – Told by Ocean People. Møt tre deltakarar som lever av og med havet

Møt Kim Sund
Bli med under vatn, og sjå korleis Kim ser verda gjennom kameralinsa si.
Kim har dykka sidan 2006, og tok tidleg med kameraet under overflata for å utforske og dokumentere. Kim har tre andreplassar og ein tredjeplass frå NM i undervannsfoto, og deltok i EM på Madeira i 2022. 

Møt Edd Bjørke
Kajakkguru Edd deler historier frå sin kajakkverden. Du får høyre frå spennande turar på, i og under bølgene. Edd er ikkje berre kajakkpadling på kanten; han bygger også Edge!

Møt Jenny Ullgren - «Doomsday peptalk, er det håp for havet»?
Jenny er oseanograf av yrke og miljøengasjert naturnerd av gamal vane. Ho vil fortelje litt om det store bildet: korleis det står til i havet og kva vi kan gjere for å ta vare på det.

Tapasmiddag. Mykje godt for ein kvar smak

Rock the Seabed.  Utover kvelden blir det festivalpub, Silent Disco og livemusikk. Aleksander Goksøyr; låtskrivar i rockebandet Skapsmak har med seg gitaren heim til Runde, og byr på heimsnekra songar om både kveiter og kjærleik. Bandet er snart klar med nye utgivelsar, og fleire av songane vil bli spelt akustiske for første gong!

​Pris per person kr 650,-

Billett kjøper du her: https://www.hivens.no/aftersea


Sea You!

Del denne artikkelen