Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Søndagsforedrag 2.juni - Martin Eggen// Uten fugler blir ikke livet det samme

Vi snakkar av og til med besøkande om at livet i fuglefjellet kan være ein indikator på korleis tilstanden er i havet.

Søndag 2.juni får vi besøk av Martin Eggen, forfattar av boka «Hva skjer med fuglene i Norge?» (2023).

I løpet av berre få år har Martin observert store endringar i fuglefaunaen. Nokre fuglar har det blitt færre og færre av, nokon forsvinn, og andre har blitt meir vanlege. Kvifor skjer dette, og korleis heng dette saman med verdas miljø- og klimaproblem? Greier vi i det heile tatt å forstå og ta inn over oss alvoret i dette, og kva kan vi gjere for å hjelpe fuglane?

«Ingen fjærdrakt er tykk nok til å tåle menneskenes
ekstreme påvirkning på planeten. Hva vi gjør med
fuglene, gjør vi også mot oss selv. Skal vi løse problemene,
må fuglene vise vei. Tar vi vare på fuglene, tar vi hånd
om de fleste miljøproblemer i verden. Samtidig beskytter
vi vårt eneste hjem»

Martin Eggen bur i Lofoten og er naturvernrådgjevar i BirdLife Norge. Han har jobba med eit bredt spekter av miljøspørsmål i ulike miljøorganisasjonar gjennom fleire tiår og har dei siste åra markert seg som ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten.

Tid: 15:00
Kafé og besøkssenter held ope frå 11:00 - 18:00
Billett kr 100,-. Førehandsbestilling av billett kan du gjere her.

Arrangementet finn du også her på Facebook

Del denne artikkelen