Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Søndagsforedrag med marinbiolog Roger Kvalsund 12.februar

Roger har vore tilsett ved Runde Miljøsenter sidan oppstart, og fram til han no går av med pensjon. Denne søndagen får du ei heilt unik moglegheit til å høyre Roger fortelje om våren i sjøen. Du får sjå og lære om det ikkje kan sjå med det blotte auge- det finnes mange raritetar i økosystemet. I dette store økosystemet er mange avhengige av kvarandre. Kjem maten to dagar for seint, er du daud.

Roger er Marinbiolog (cand.real) frå Universitetet i Bergen, og har hovudfag på zooplankton. Han er også pedagog, har jobba med undervisning mellom anna på leirskulen på Runde, og er ein inspirerande formidlar. Med lang fartstid innanfor akvakultur, drift av landbaserte anlegg for marine artar, vasskvalitet i lukka anlegg og transportsystem har han tilegna seg stor kunnskap om fiskehelse og miljøpåverknad frå oppdrett, og har i ei årrekke hatt ansvar for gyteundersøkingar hos torsk i Borgundfjorden.

Ved Runde Miljøsenter har Roger vore involvert i dei fleste miljøprosjekta til senteret, og då spesielt dei langvarige oppdraga om den kystnære silen sin biologi og økologiske rolle i økosystemet. Han har også utført sesongbaserte oppdrag for Havforskningsinstituttet i meir enn 10 år.

Foredraget startar klokka 15:00. Inngang kr 50,-

Sal av middag, kaffe og kaker i kafèen frå 13:00 - 17:00

I forbindelse med morsdag blir det gratis inngang og kaffe/te til alle jenter/damer.

Her finn du arrangementet på Facebook

Del denne artikkelen