Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Søndagsopen kafé og utstilling

Velkommen innom for ei god oppleving!

Legg søndagsturen til Runde, og kombiner den med eit besøk hjå oss!

Søndagskafé frå 11:00 - 17:00. Menyen varierer litt frå gong til gong. Vil du sjå den på førehand, trykkdeg inn og sjekk ut vår Facebookside.

  • Har du med deg storfamilien eller vil komme ut på besøk med ei gruppe kan det være lurt å melde frå/reservere på førehand.
  • Utstillinga held ope når senteret er ope.. Den kan du rusle gjennom aleine, eller bestille ein lærerik tur med ein av våre flinke naturrettleiarar som guidar deg gjennom (1,5 time, anbefales!) Omvisning kan du bestille alle dagar, trykk her for å lese meir og bestille.
  • Gjennom heile sesongen har vi lærerike turar du kan delta på, både i fjell og fjøre.

Har du spørsmål, eller vil bestille mat eller opplevingar, kan du også sende oss ein mail på booking@runde.no, eller ringe oss på telefon 7008 0800.

I starten av mai opnar vi senteret alle kvardagar, med servering av kaker, is og kaffe. Snart opnar vi også for matservering andre dagar i veka.

Velkommen til oss! :)

NB - Søndag 28.april og laurdag 11.mai skal to av ungdommane våre feire konfirmasjon her. Vi held difor besøkssenter og kafé stengt for publikum desse dagane.

Del denne artikkelen