Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Tareskogar i framtidas hav: deira toleevne og rolle som naturleg klimaløysing

Foredrag søndag 8.oktober

Denne veka er forskarar frå Havforskingsinstituttet på jobb på Runde for å sjå på ulike områder med tareskog i området.

Søndag har du ei unik moglegheit til å møte Karen Filbee-Dexter og Thomas Wernberg, som jobbar innanfor fagfeltet bunnsamfunn.

Dei vil presentere arbeidet frå to prosjekt ved Havforskingsinstituttet, som har store innslag av feltarbeid rundt Runde.
Prosjekta undersøker korleis tareskogar tek opp og lagrar karbondioksid. Dei vil også avdekke koplingane mellom tarebestand langs kysten og kor godt dei toler aukande temperatur. Dette arbeidet blir sett i samband med breiare tendensar i tareskogar verda rundt, som utviding av tareskog i Arktis og minking av habitat i varmare område.

Karen Filbee-Dexter er postdoktor, og fokuserer forskinga si på dei økologiske konsekvensane av klimaendringar og korleis verdas tareskogar fungerer.
Thomas Wernberg er professor med eit breitt forskingsfelt, men med stort fokus på å bidra til ei integrert forståing av dei komplekse prosessane som driv økologien til kystnære marine miljø.

Tid: 15:00
Inngang kr 50,- , inkluderer inngang til utstilling

NB - presentasjonen blir holdt på engelsk.

Kafé og utstilling held ope frå 11:00 - 17:00, med servering av middag og vaflar/kaffe.

Del denne artikkelen