Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Vil du bli med å utvikle ein ny destinasjon for matkultur på Runde?

Vi er på jakt etter ny kjøkkensjef, ta kontakt i dag!

Vi er på utkikk etter nokon som ønsker å bidra til å vidareutvikle besøkssenteret på Runde Miljøsenter på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kysten rett utanfor døra vår er eit matfat vi har hausta av i fleire tusen år, no treng vi DEG for å bli med på reisa vidare i utviklinga av ein spennande heilårsdestinasjon.

Matvisjonen vår er å ta vare på dei tradisjonar vi har rundt oss, samtidig som vi heile tida hentar inspirasjon og fornyar oss. Vi har overvekt med gjestar i sommarmånadane, men jobbar gjennom ulike prosjekt med ei auka heilårsdrift. Vi har allereie stort søkelys på lokale råvarer og berekraftig mat, men vi ønsker meir av dette!

Vi utviklar heile tida nye, lærerike aktivitetar for besøkande, der kombinasjonen av forsking og oppleving er i fokus. Vi ønsker også at matopplevinga skal vere ein større del av dette.

Vi har også overnattingsmoglegheiter i fine leilegheiter som er leigd ut til besøkande gjennom heile året.

 

Me tilbyr

· Fast tilsetting, 100% stilling. Men -vi er i stor grad villig til å sjå på alternative tilsettingsformer som kan passe deg best. Ta gjerne kontakt for å diskutere moglegheitene vi har.
· Løn etter avtale.
· Gode moglegheiter for å delta på kurs og kompetansehevande aktivitetar.
· Du blir del av eit team som jobbar for utvikling, elskar kreative løysningar, og som passar på kvarandre.
· Eit godt nettverk lokalt, slik at om du kjem langvegs frå vil me hjelpe til med å legge til rette for at du kan trivast. Også utanfor arbeidstid.
· Eit godt fagleg nettverk med andre serveringsbedrifter og produsentar i regionen vår.
· Moglegheit til å påverke i stor grad korleis berekraftig matauk kan brukas i det moderne kjøkkenet.
· Tilgang på eit fantastisk turområde, midt i eit av Norges viktigaste matfat.

 

Den vi søker
· Sidan vi er lokalisert i havgapet med eit av Norges flottaste fuglefjell ein gåtur unna, er det ein stor fordel om du er interessert i natur, friluftsliv og ser potensialet som ligg i ville vekstar og å hauste frå naturen som ein del av matopplevinga.
·  Fagbrev som kokk er ønskeleg, men ikkje ei forutsetning. Det blir lagt stor vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.
· Du må kunne kommunisere på eit av dei skandinaviske språka.
· Gjestebehandling er ein viktig del av jobben, derfor blir det også lagt vekt på gode formidlingsevner.
· Det er ein fordel å ha førarkort og eigen bil.

 

Arbeidsoppgåver inkluderer mellom anna

· Dagleg drift av kjøkkenet (varebestilling, menyplanlegging, kalkulasjon av oppskrifter, menyoppsett og andre oppgåver relatert til drift av eit moderne kjøkken).
· Utvikle kursprogram med berekraft og mat som tema, og gjennomføre disse utandørs med gjestar.
· Bidra i utviklingsprosjekt i nettverk med andre bedrifter.
· Vere med på utviklinga av eit nytt mattilbod i tilknytning til senteret.

Om du har spørsmål, er interessert i å høyre meir, eller berre vil slå av ein prat: Ta kontakt i dag. Vi har lyst til å bli kjent med deg og vise deg moglegheitene vi har her ytst i havgapet.

Søknadsfrist: Intervju blir gjort fortløpande

Søknad og spørsmål rettast til dagleg leiar Cecil Elisabet Nerbø - Tlf 95967059 eller cecil@runde.no

Del denne artikkelen