Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Tips til ferdsel

Når ein ferdast på Rundefjellet er det nokon reglar som gjeld. Her har vi nokre anbefalingar til dykk.

Sti til fuglefjellet
Når du skal på tur til fuglefjellet, startar du vanlegvis frå parkeringa i Goksøyra. Deretter følgjer du den første vegen til venstre etter Goksøyr camping.

Bruk tilrettelagt sti
Oppe på myra er det tilrettelagt sti, med både steinhellar og treplanker, og det er fleire fine rundturar. Me oppmodar til å bruke eksisterande stiar og unngå å gå i myra. Det er viktig å verne om myra og la fuglane som hekkar der få fred.

Overnatting og vern
På grunn av sårbare område og hekkande fuglar, er det ikkje ønskjeleg med telting på fjellet på Runde. Me oppmodar ALLE til å benytte seg av organisert overnatting ved besøk på øya. Det er fleire gode moglegheiter å velje mellom, enten hos Goksøyr Miljøcamping, Christineborg Gjestehus eller hos oss på Runde Miljøsenter. Ute på
Runde fyr er det òg overnattingsmoglegheit, i regi av DNT.

Lundefuglen og fuglelivet
I sommarsesongen kjem mange til Runde for å sjå lundefuglen. Den ser du best på kveldane frå april til juli. Ved syvtida på kvelden vil lunden vere ferdig med dagens matsanking og starte kveldsaktiviteten sin. Det som ventar dei besøkande er ei spektakulær oppleving! Me anbefalar òg å bruke tid på å sjå deg rundt og studere litt av dei andre fuglane me har på øya!

Fuglefredingsområde
Det er fleire forskjellige fuglefredingsområde rundt øya. Desse områda er merka med skilt eller gjerde, og det er ikkje lov å krysse over. Myra oppe ved Rundebranden er òg eit naturreservat, det betyr at du ikkje kan ta med nye eller fjerne gamle plantar. Ein kan plukke bær og sopp! Her gjeld det få ferdselsrestriksjonar, men ein skal trakke varsamt og ta omsyn.

Sjøbåtturar og miljøbevisstheit
I sommarsesongen går det båtturar rundt øya frå Runde Hamn når veret tillèt det. Ein flott måte å sjå fuglelivet frå sjøen! Hugs å vise respekt for fuglar og dyr, andre besøkande og fastbuande. Benytt deg av offentlege toalett og ta med søpla di til næraste bossdunk. Du finn sommarope toalett på parkeringsplassen i Gøksøyra, og heilårsåpne toalett/dusj på Runde Miljøsenter.

God Tur!