AKERENDAM 300 år - Markeringar 7. -9. mars

Fredag 7.mars til søndag 8. mars: Tur til Runde Fyr i lag med Opplev Runde og DNT
Kjøp billett ved å trykke her, send oss ei bestilling på booking@runde.no, eller ring oss på tlf 7008 0800
Laurdag 8.mars frå 12:00 - 16:00: Open Familiedag på Runde Miljøsenter
Program
- Opa utstilling heile dagen
- 13:00 og 15:00 Omvisning i utstillinga av Rundeskatten (tilpassa barna)
- 12:00 Fjøretur
- Skattejakt for dei minste
- 13:30 Bli med Erle og Lise på lab'en for å sjå nærare i lupa på nokre skapningar frå havet. Finn vi nokon med litt ekstra Kvinnepower i havet?
- Arild Marøy Hansen frå Sjøfartsmuseet i Bergen demonstrerer korleis dykking i dykkerklokker foregjekk nokre hundre år tilbake i tid, og det blir undersøking med metalldetektor for å finne gøymte gullmyntar på arkeologisk vis (innendørsaktivitetar)
Frå 12:00 - 16:00 Inviterer Njord Freediver og Herøy Dykkerklubb til dykking utanfor Kjerringholmen like ved Runde Miljøsenter.
Sal av kaffe, kaker, fiskekaker, smoothie og pølse med brød. I tillegg kjem Trude frå Kanelia Mikrobakeri med både nydelege surdeigsbrød og kanelbollar som ein kan kjøpe direkte frå ho.
Alle kvinner som kjem på besøk får gratis kaffe denne dagen! :)
Arrangementet er gratis å delta på, ingen påmelding. Sjekk arrangementet på Facebook her
Laurdag 8.mars frå 19:00 : Jubileumsmarkering med Runde Grendalag på Runde Miljøsenter
Runde Grendalag og Runde Miljøsenter inviterer til jubileumskveld på Runde Miljøsenter.
Dørene opnar 18:45, arrangementet startar 19:00
Program
Velkommen ved Runde Grendalag og Runde Miljøsenter
Song av Runde Blandakor
Samtale med Arild Marøy Hansen, som jobba ved Sjøfartsmuseet under oppdaginga av Rundeskatten
Utdrag frå Rundaspelet
Etter programmet flyttar vi oss ned i kaféen. Her blir det kakebord og kaffi, og open mikrofon for dei som har gode historier relatert til Akerendam og Rundeskatten
Pris: 215,- pr person
Billettprisen inkluderer kaffe og kake, og billettavgift på kr 15,-
Du finn arrangementet på Facebook her
Kjøp billett ved å trykke her, send oss ei bestilling på booking@runde.no, eller ring oss på tlf 7008 0800
Søndag 9. mars Foredrag med middag
Vi får besøk av Arild Marøy Hansen til ein historierik ettermiddag med foredrag og middag på Runde Miljøsenter.
Program
13:45: Dørene opnar
14:00: Arild Marøy Hansen – Vrakfunnet i 1972 har gitt verdifulle funn som kastar lys over sjøfart og handel på 1700-talet. Arild snakkar om forliset, funnet i 1927 og dei arkeologiske undersøkingane i ettertid.
15:00: Middag
Arild Marøy Hansen er historikar og tidlegare amanuensis ved Bergens Sjøfartsmuseum.
Bjørn R. Rønning er forfattar, historikar og har forska på mynt og sedlar gjennom sitt arbeid ved Myntkabinettet i Oslo.
Billett kr 350,- per person inkluderer foredrag og middagsservering av bacalao med brød. Kaffe inkludert.
Billetten må visast fram ved inngangen.
Kjøp billett ved å trykke her, send oss ei bestilling på booking@runde.no, eller ring oss på tlf 7008 0800
Du finn arrangementet på Facebook her
Vel møtt til ei historisk helg på Runde!