Coasteering på Runde
Opplev havet gjennom å vere i havet, utstyrt med våtdrakt, redningsvest og hjelm.
Coasteering er ei blanding av å bevege seg på land og i vatnet. Vi skal symje, gå, klyve og flyte. Ein kjekk aktivitet som passer for dei aller fleste!
Du får oppleve ein heilt ny måte å sjå fjøresona på. Kom tett på tare som duvar i rørsla til vatnet eller levande vesen du elles sjeldan får sjå. Vår naturrettleiar deler forskingsbasert kunnskap om naturen på Runde, med stort fokus på å lære noko nytt om havet!
INKLUDERT:
• Alt du treng av utstyr (våtdrakt, hjelm, flytevest, sko, hanskar og handduk)
• Varm drikke etter endt aktivitet
PRAKTISK INFO
• Du må ha med badetøy til å ha under våtdrakta, handduk og ein pose til å ha vått tøy i etter aktiviteten.
• Ullundertøy kan vere fint å ha under drakta for betre varme og komfort.
• For å bli med på aktiviteten må du være i normal fysisk form.
Meld deg på open tur her: https://www.hivens.no/coasteering
For grupper, kontakt booking@runde.no
Vil du vite meir om coasteering på Runde? La deg inspirere av denne historia: "Utforsk kysten – flyt, lær og smak"