Norge skal bli mellom verdas fremste berekraftige reisemål, og det innan 2030, seier regjeringa. Korleis er det mogleg? Og korleis skal det lokale og regionale reiselivet løyse utfordringa?

Utsikt utover Geirangerfjorden

Rundesymposiet 2024:

Fjord og forsking
i framtidas reiseliv

Rundesymposiumet 2024:

Fjord og forsking i framtidas reiseliv

Spørsmåla over var sentrale under årets Rundesymposiet på Runde miljøsenter 25. og 26. april. Temaet – berekraftig turisme med spesielt fokus på kyst- og fjordøkologi – er så viktig at både forskingsmiljø, næringsliv, organisasjonar og forvalting frå heile regionen møtte opp. Målet? Diskutere moglegheitene og stake ut kursen i lag.

Masseturisme. Ordet har ein viss negativ klang, synest du ikkje? Prøv å kombinere det med fjord, fjell eller kystkultur. Det vert om mogleg enda verre. Masseturisme + Geirangerfjorden = sant? Ja, faktisk. Dessverre. Masseturisme = enorme cruiseskip i elles vakre fjordar. Masseturisme er også bussturistar som sveipar innom små kystbyar og bygder, låner toalettet på den lokale kafeen og slengjer frå seg søppel i gågatene. Ikkje alltid, men ofte nok til at det smertar. Ikkje er det spesielt lønsamt for det lokale næringslivet heller.

Likevel har denne forma for turisme fått lov til å vekse seg stor og sterk i Norge og i regionen. No er det på tide med ei heilomvending, og «oppskrifta» ligg i regjeringa sitt vegkart for reiselivsnæringa. Norsk reiseliv skal bli meir berekraftig, meir heilårs og meir lønsamt. Samtidig er regjeringa sin ambisjon at det skal gjere lokalsamfunna meir attraktive og innbyggjarane meir fornøgde. Sist, men ikkje minst, skal naturen bli vareteken. 

Er bransjen klar for omstillinga?

Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Visit Ålesund & Sunnmøre

Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Visit Ålesund & Sunnmøre.

Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Visit Ålesund & Sunnmøre.

Det kan verke slik, skal vi tru reiselivssjef Tom Anke Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. I eit innlegg under Rundesymposiumet sa han:

– Når næringsministeren lovar å kome med midlar i tillegg, så er ei samla reiselivsnæring ganske klar til å gjere det løftet. Spørsmålet er korleis ein skal få det til lokalt.

Dei kjem for naturen

Tom Skrede meiner ein del av løysinga ligg i å spreie turistane utover året og utover heile regionen.

– På nokre plassar, som i Geiranger, har ein kanskje byrja å nærme seg tolegrensa for kor mange turistar der kan vere på ein gong. Andre plassar skrik etter fleire. Difor må vi ta i bruk heile året. I tillegg må vi ha ei produktutvikling som sikrar at vi trekkjer til oss dei gjestane som søkjer meir ekte opplevingar, sa han.

Sistnemnde punkt treng ikkje verte vanskeleg. Turistundersøkelsen frå 2023 viser at fleirtalet av turistane som ferierer i Norge ønskjer seg autentiske naturopplevingar, særs i fjord og fjell. I tillegg vil dei ha stillheit og ro, og dei vil bli kjende med stadane dei besøker.  Ein tredjedel av dei utanlandske feriereisande er dessutan opptekne av berekraft og det å ta omsyn til natur og klima på reisa.

– Vi veit også at dei som bruker mest pengar er dei som er mest fornøgde. Det er eit fantastisk utgangspunkt. La dei halde fram med det, sa Skrede, til bifallande nikk og smil frå publikum.

Den turistgruppa som vert verande lengst og har høgst døgnforbruk er amerikanarane. I dag er dette også den nest største utanlandske gruppa som kjem til Møre og Romsdal på ferie.

Turistane vil ha autentiske opplevingar

Coasteering på Runde: Gjestane får kjenne havets liv og krefter på kroppen.

Coasteering på Runde: Gjestane får kjenne havets liv og krefter på kroppen.

Litt seinare, i ein paneldebatt leia av fagdirektør Sissel Rogne ved Havforskingsinstituttet, trekte Skrede fram Runde Miljøsenter som eit døme på kva stadig fleire turistar ønskjer seg:

– Opplev Runde har til dømes tangsafari. Det er ikkje mange år sidan denne typen kvalitetsoppleving var heilt utenkeleg. No er det noko stadig fleire turistar oppsøker.

På dette området er Runde miljøsenter i er særstilling ettersom det er ein slags hub for både oppleving, læring og forsking. Kombinasjonen er akkurat det berekraftige turistar ønskjer seg og såleis også den typen aktør regjeringa bør satse på.

Naturrettleiar Johannes Kjær Madsen ved Opplev Runde steiker fersk tang til gjestane.

Naturrettleiar Johannes Kjær Madsen ved Opplev Runde steiker fersk tang til gjestane.

Naturrettleiar Johannes Kjær Madsen ved Opplev Runde steiker fersk tang til gjestane.

Naturrettleiar Johannes Nikolai Antonsen ved Opplev Runde fortel at deira besøkande ofte utrykkjer positiv overrasking over kor mykje kunnskap dei får av å bli med på guida turar på Runde.

– Vi er ikkje mest opptekne av at gjestane våre skal sjå den berømte lundefuglen.  Viktigare er det at dei skjønar kor dramatisk nedgangen i sjøfuglkolonien er og at dei lærer mest mogleg om det fantastiske økosystemet og dyrelivet vi har på Runde. Etter ein guida tur med oss, enten det er i fjøra, i utstillinga på miljøsenteret eller i fuglefjellet, sit gjestane igjen med eit djupare inntrykk og ei forståing som dei tek med seg vidare. På den måten bidreg vi forhåpentlegvis til å gjere gjestane meir miljøbevisste også, seier han.

Frå venstre: Tom Erik Standal (Valldal næringshage), Lasse A. Vangstein (Havila Kystruten), Nils Ramsli (fylkeskommunen) og Tom Anker Skrede (Visit Ålesund & Sunnmøre)

Frå venstre: Tom Erik Standal (Valldal næringshage), Lasse A. Vangstein (Havila Kystruten), Nils Ramsli (fylkeskommunen) og Tom Anker Skrede (Visit Ålesund & Sunnmøre)

Frå venstre: Tom Erik Standal (Valldal næringshage), Lasse A. Vangstein (Havila Kystruten), Nils Ramsli (fylkeskommunen) og Tom Anker Skrede (Visit Ålesund & Sunnmøre)

Prosjektleiar Nils Ramsli for prosjektet «Omstilling Geirangerfjorden verdsområde og omland»
Kommunikasjon- og markedsdirektør Lasse A. Vangstein i Havila Kystruten.
Truls Gulowsen i Naturvernforbundet

Paneldebatt om omstilling

Desse fire hadde kvar sine innlegg om kva som er stoda for dagens regionale reiseliv og kva som vil skje i åra framover. I tillegg drøfta dei korleis dei meiner ein kan utnytte den unike kyst- og fjordøkologien som basis for heilårsturisme. Etterpå deltok dei i ein paneldebatt om kva som skal til for å oppnå ei omstilling som kan gagne både reiselivsnæringa og miljøet. Debatten vart leia av Sissel Rogne, fagdirektør for Havforskingsinstituttet.

Prosjektleiar Nils Ramsli for prosjektet «Omstilling Geirangerfjorden verdsområde og omland» fortalde om korleis fylket har jobba systematisk for å sjå Stortingets vedtak om nullutslepp i verdsarvfjorden innan 2026 i kvitauget. Mellom anna kom det fram korleis det tverrfaglege utvalet i prosjektet har jobba for få myndigheitene til å gå med på ei «mjukare landing» slik at det likevel ikkje vert krav om nullutslepp i verdsarvfjorden i 2026.

I desember 2023 sende Sjøfartsdirektoratet eit korrigert forslag til Klima- og miljødepartementet, der dei mellom anna anbefaler ei overgangsordning der også fartøy som går på «kvalifisert drivstoff» kan segle verdsarvfjorden etter 2026.

– Vi har støtta innspelet til Sjøfartsdirektoratet. Det er sjølvsagt snakk om ganske store skip med mange turistar – men dette handlar også litt om kva måte vi handterer desse turistane på når dei kjem til Geiranger og Hellesylt, sa Ramsli.

– Slik nullutsleppskravet var definert frå starten, var det eit ekstremt dramatisk grep – den strengaste miljøreguleringa på kystsida nokosinne. Vi meiner, i forhold til teknologiutviklinga, samt næringsomgjevnadane i Geiranger, at det er viktig å tenkje meir langsiktig rundt innføringa av eit så drastisk grep, sa han.

Opplysinga om høyringsforslaget fra Sjøfartsdirektoratet fall ikkje i god jord hos kommunikasjon- og marknadsdirektør Lasse A. Vangstein i Havila Kystruten.

– Vi synest det er ei fallitterklæring for miljønasjonen Norge å mjuke opp krava om nullutslepp når det er beviseleg mogleg å få det til. Vi meiner det finst alternative løysingar for å få turistane inn til Geiranger enn cruiseskip – og i dei løysingane kan det ligge nye næringar, sa han.

Havila Kystruten – som seglar Kystruten Bergen – Kirkenes – Bergen, seglar allereie verdsarvfjorden, samt fleire andre sårbare fjordar, heilt lydlaust og utsleppsfritt.

Truls Gulowsen i Naturvernforbundet peika på at målet må vere «kvalitetsturisme i norske fjordar».

– Då kan like teknologikrav for alle fartøy vere ein god måte å bli kvitt cruiseskipa med 5-6000 turistar som berre bruker opp norsk natur på. Alt dei gjer er å sabotere andre moglegheiter for å utvikle ein eigen, høgkvalitets vassboren turisme. Vi har verdas beste naturprodukt og verdas mest innovative næring, så kvifor i alle dagar skal vi ikkje gjere dette på ein skikkeleg måte, spurde han.

Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre minna om at:

– Vi som jobbar i reiselivet må aldri gløyme at vi låner byar, gater og infrastruktur av dei innbyggjarane som bur der vi ferdast. Den dagen tolegrensa er overstigen, bryter vi litt av kontrakten vi har med dei lokale innbyggjarane. Difor må vi tenkje større på korleis vi tek styring på og utviklar destinasjonane framover.

Knut Festø frå Naturvernforbundet i Ørsta
Annelise Chapman
Tor Erik Standal, dagleg leiar i Valldal næringshage

Knut Festø frå Naturvernforbundet i Ørsta bad om ordet frå salen. 

– Eg vil berre minne om at elektrifisering også er eit naturinngrep, og all elkraft er ein minimumsgode i Norge. Difor må vi sille spørsmål ved kva vi skal bruke elkrafta vår til. Skal vi klare oss med den vi har, eller skal vi halde fram med å byggje ned fjordnaturen og elvenaturen for å få nok?

Ein annan tilskodar, Annelise Chapman, plukka opp ein annan ball:

– Naturen er sjølvsagt ein viktig grunn til å kome til Norge, men gir vi turistane andre grunnar til å kome også? Eg er sjølv frå utlandet (Tyskland) og får mykje besøk frå venner og familie. Dei elskar fjord og fjell, men opplevinga dei hadde då eg viste dei det lokale notbøteriet på ein regnversdag enda opp med å bli den mest eksotiske og spennande for dei, sa ho.

– Det var eit veldig godt innspel, meinte Tor Erik Standal, dagleg leiar i Valldal næringshage. Han kommenterte slik:

– Dei som kjem til oss vil ikkje ha noko «Disneycruise», det vert heilt feil. Vi må by på oss sjølve. Vise gjestane våre kven vi er, kva vi står for og kvifor vi bur her. Og så må vi legge hendene på roret, ta styringa og seie: «De er hjarteleg velkomne på besøk til oss, men då må de oppføre dykk på denne måten, for det er slik vi vil ha det her».

Etterlyser tverrfagleg samarbeid

Éin ting er kva opplevingar reiselivsnæringa i regionen skal tilby gjestane. Noko anna er korleis ein skal leggje til rette for trafikken på ein måte som gjer at ein skånar naturen. Det einaste som verkeleg verkar er tverrfagleg samarbeid, meiner fagdirektør ved HI, Sissel Rogne.

Fagdirektør Sissel Rogne ved Havforskningsinstituttet

–  For å handtere turismen på ein måte som gir verdiskaping i regionen, må vi få ein samla innsats frå kommunane langs fjordane. Berre då kan vi leggje til rette for ein heilårsturisme som skaper fleire arbeidsplassar og som tek vare på fjordane og miljøa rundt i staden for å øydeleggje heile området, seier ho.

På spørsmål om kva dagleg leiar ved Runde miljøsenter, Ottar Håkonsholm, tek med seg som det viktigaste frå Rundesymposiet 2024, slit han med å velje ut eitt punkt. Han trekkjer likevel fram dette:

– Der var ei tydeleg oppfordring frå deltakarane om å etablere klare standardar og krav for sertifisering av kommersielle reiselivsbedrifter.

Andre nøkkeltema symposiet diskuterte var:

  • Prinsippet om at den som forureinar skal betale for utsleppa med midlar som kan bli brukte til restaurering og vern av fjordmiljø.
  • Det kan vere aktuelt å inngå eit interkommunalt samarbeid om ein turistavgift. Denne kan bli nytta til forsking og formidling av berekraftig turisme.
  • Symposiet understrekte behovet for betre forståing av kystøkologien, særleg korleis turisme påverkar økosystema i områda. Dette vil legge grunnlaget for meir berekraftige praksisar.
  • Deltakarane framheva viktigheita av tverrfagleg samarbeid og heilskapstenking i forvaltninga av fjordane. Integrering av ulike fagområde og sektorar er avgjerande for berekraftig ressursforvaltning.
JoDa Media logo

Denne reportasjen og scrollstoryen er laga av JoDa Media for Runde Miljøsenter.