Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Søndagsprat 6.november: Slektsforsking, kva kan vi finne i arkiva?

Veit du korleis du går fram for å finne historisk informasjon om slekta di?

Velkomen til ein interessant og lærerik ettermiddag, med slektsforsking på programmet! Åsta Vadset og Arne-Sten Christiansen fortel om Slekt og data, og informerer om kvar ein finn opplysningar i slektsforsking.

Åsta Vadset fortel om når ho har vore på leiting i arkivet og funne mykje informasjon om si ukjende oldemor Ingeborg, som kom til Runde for å være guvernante på Runde fyr.

Søndagspraten startar klokka 15:00, sjåast her!
---------
Arne-Sten Christiansen er pensjonert lærar, og kontaktperson for Slekt og Data i Møre og Romsdal.

Åsta Vadset er rådgjevar ved Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal, og oppvaksen på Runde.

Kafè og utstilling held ope frå 12:00 - 17:00. Vel møtt!

Del denne artikkelen