Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Guida kajakktur frå Herøy Kystmuseum

Opplev den vakre naturen frå kajakk, og lær om den lange historia til Herøy

Om turen

Ein kajakktur i skjergarden rundt Herøya omfattar fantastiske naturopplevingar mellom ei mengd øyar, holmar, skjer og lune vikar.

Å padle i dette området med si meir enn tusen år lange maritime historie, vil gje deg nærleik til naturen og ei turoppleving utanom det vanlege!

På turen vil du kunne utforske dyrelivet i det klare vatnet, sjå fisk og kanskje krabbar under kajakken, og ser du opp kan du ta del i det rike fuglelivet i området.

Herøya har vore ei god og trygg hamn for sjøfarande sidan vikingtida, og både på nord- og sydsida har ferdafolk funne kvile før og etter seglasen rundt Stad (Vestkapp). I dag finn du i tillegg til museet med omvising, museumskafé og butikk, den gamle kyrkjestaden frå mellomalderen og eit nydeleg rekreasjons- og turområde. Herøya er også eit av dei utvalde pilegrimsmåla langs kystpilegrimsleia som går frå Egersund til Nidaros.

Inkludert i opplevinga

  • Guide
  • Kajakk, flytevest, padleåre, spruttrekk
  • Omvising ved Herøy kystmuseum etter kajakkturen

Turen startar ved Herøy kystmuseum. Her vil du møte guiden og dei andre gjestane, få informasjon om turen, og nødvendig utstyr.

Praktisk informasjon

Turen vert tilpassa ferdigheitsnivået til gjestane, og ein treng ikkje å ha padleerfaring før turen startar. Vi oppmodar om å ta med vassflaske og litt å ete, i tillegg til varmt tøy, gode sko og gjerne ei vind- og vasstett jakke.

Ta også med solkrem og solbriller på fine dagar. Turen er 3-6 km lang.

Del denne opplevinga
Informasjon om turen
Pris
Ordinær pris: 895,-
Starttidspunkt
10:00
Avgang
Herøy Kystmuseum
Book opplevinga