Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Guida omvising på Runde Miljøsenter

Visste du at omtrent 80% av fuglane på Runde har forsvunne i løpet av dei siste 40 åra? Eller at ein av dei største gullskattane som nokon gang har blitt funne var på Runde?

Omvising med historiar om fugl og hav

Bli med på omvisinga i utstillinga på Runde Miljøsenter så får du kunnskap om fugleliv, havøkologi og historia om eit fantastisk skattefunn. Omvisinga startar med ei framsyning av «Havets Sølv», med filmen som bakteppe tek vår erfarne naturrettleiar med dykk opp i utstillinga. Du blir kjent med dei forskjellige fuglane som bur på øya, og me prøvar å gje eit svar på kvifor så mange av fuglane har forsvunne. Omvisinga er perfekt om du har vore eller skal på Rundefjellet.

Gullskatt!

I tillegg til fuglar og havøkologi tek me ei gyllen reise tilbake til 1725. Akerendam gjekk på grunn på Runde, og det tok nesten 300 år før vrakrestane av skipet blei funne av tre dykkarar. Kva skjedde eigentleg med skatten? Bli med så får du høyre den utrulege historia.

 

Inkludert

-         Guida omvising i utstillinga

 

Praktisk info

Billettar til utstillinga uten omvisar kan kjøpes i kaféen på Runde Miljøsenter.

Omvisinga kan vi skreddarsy til grupper vedførespurnad, og kan bli bestilt heile året. Send ein e-post til booking@runde.no eller ring +47 700 80 800 for meir informasjon.

Del denne opplevinga
Informasjon om turen
Pris
Vaksen: 150,- Born: 75,-
Starttidspunkt
Sjå kalender
Avgang
Runde Miljøsenter
Book opplevinga