Kate og John Tyron ønska å oppleve Noregs autentiske natur. Dei vart lokka til Runde av den unike lundefuglen. Det dei lærte på lundesafari med Opplev Runde sette djupe inntrykk – på godt, men også litt vondt ...

Kate og John Tyron ønska å oppleve Noregs autentiske natur. Dei vart lokka til Runde av den unike lundefuglen. Det dei lærte på lundesafari med Opplev Runde sette djupe inntrykk – på godt, men også litt vondt ...

Når det livnar lundar

Når det livnar i lundar

– Det er bratt her, det er i alle fall heilt sikkert, seier Kate Tryon.
Likevel har verken ho eller ektemannen John vanskar med å halde fylgje med det vesle turselskapet oppover den første og brattaste bakken på veg mot Fuglefjellet på Runde. Ekteparet frå Iowa i USA har aldri vore i Noreg før, og dette er første gongen dei reiser utanlands på mange år. Døtrene på 17 og snart 20 har dei late vere igjen heime.
– I år feirar vi vår 25. bryllaupsdag. I tillegg blir John snart 50, så dette er ei spesiell anledning og ei «ein gong i livet»-oppleving, held Kate fram.
Klokka er nesten 1930, men sola står framleis høgt på himmelen, slik ho alltid gjer i Noreg i juni. John og Kate er spente. Snart skal dei få sjå den berømte lundefuglen i sitt naturlege habitat i Lundeura på Fuglefjellet.
Runde er tredje stopp på den to veker lange Noregsreisa til det amerikanske paret. Frå Oslo flaug dei til Trondheim, før turen gjekk vidare til Geiranger og no Runde.
– Vi elskar natur. Vi visste berre at vi ville sjå denne vakre regionen, så vi leita på nettet etter aktivitetar i området. Då oppdaga vi denne guida turen til Lundeura, fortel Kate.
Mykje meir enn fugletitting
På det nær fem timar lange programmet med Opplev Runde, står kveldsturen til Lundeura som siste punkt. Den vesle turistgruppa har fått oppleve mykje, og alt byggjer opp mot den store augneblinken: Å sjå dei søte sjøpapegøyane på nært hald, svermande i hopetal inn og ut mot fjellveggen på vestsida av Fuglefjellet.

Det heile startar klokka 17, med ei 23 minutt lang filmframsyning på Runde Miljøsenter. Dei ser ein naturdokumentar, «Havets sølv», laga av den lokale filmskaparen Are Pilskog. Dokumentaren vart filma på og rundt Runde for over 12 år sidan, men er like aktuell i dag.
Nokre stussar litt då filmen startar, for han handlar slett ikkje om lundar. Trur dei. Ifølgje filmskaparen handlar han snarare om «verdas underlegaste naturfenomen», nemleg sild, og korleis denne fisken påverkar viktige delar av økosystemet. Lunden er avhengig av å få tak i småfisk som sildeyngel eller sil (tobis) til ungane sine, elles døyr dei i reiret.
Det skjer rett som det er. Sidan 1960-talet, har bestanden av lundefugl på Runde falle med om lag 70 prosent. Filmen forklarar korleis det heile heng saman.
Lundeprat over fiskesuppa
Etter dokumentarframsyninga får gjestane servert heimelaga fiskesuppe i kafeen på miljøsenteret. Medan dei et, diskuterer dei filmen, og naturrettleiar Johannes Madsen vekker interessa deira ytterlegare med historier og artige faktaopplysingar om lunden.
– Kor mange fisk trur de han kan bere på ein gong, spør Johannes medan han held fram eit eksemplar av ei tynn, tørka sil på 5-7 centimeter.
Fem, tippar ein. Ei anna trur ti.
– Dokumentert rekord er 68 fiskeyngel på ein gong, men det fem til 15 er meir vanleg, informerer Johannes.
Lunden har nemleg små tenner på tunga som han bruker til å presse fangsten opp mot «gana» slik fisken ikkje fell ut når fuglen opnar nebbet for å fange meir.
Fugleliv og havsuler i plastreir
Etter måltidet blir deltakarane inviterte med opp i fugleutstillinga i andre etasje. Her fortel naturrettleiaren meir om lunden, men også om dei mange andre fugleartane i utstillinga.
Mellom anna får gjestane sjå eit urovekkande bilde av havsuler buande i reir som er delvis bygde av plast.
– Sjøbotnen i dette området er Europas mest forureina område kva plast angår. Ein skulle kanskje tru at mesteparten kom med havstraumane frå Storbritannia og andre land lenger syd, men sanninga er at 90 prosent av forsøplinga er forårsaka av nordmenn. De skjønar at før i tida, når folk var ute på fiske, var det heilt vanleg å dumpe alt avfall i sjøen, fortel Johannes.
Heldigvis har fiskeindustrien endra oppførsel i nyare tid, men den gamle plasten vert liggande.
Runde Miljøsenter jobbar mykje med marin forureining.
– Vi er med på å drifte eit nettverk for frivillige strandryddarar. I tillegg har vi vore med på ei nasjonal satsing ved Handelens Miljøfond. Til no har dei finansiert rydding av 40 prosent av Noregs ytre kyst ved hjelp av profesjonelle strandryddarar.
Norges mest verdifulle skatt
Når ein først besøker Runde Miljøsenter, bør ein få med seg utstillinga med den berømte Rundeskatten. Gjestane får ei guida omvising, medan Johannes fortel historia om det Nederlandske skipet «Akerendam» som forliste utanfor Runde på sin jomfrutur i 1725. Om lag 247 år seinare var tre sportsdykkarar tilfeldigvis på leit etter smådyr langs sjøbotnen nordøst for Runde fyr. I staden oppdaga dei gull og kanonar. I dag er Rundeskatten det største skattefunnet i heile Europa.
Turen til Lundeura er ein del av målet
Turistane køyrer dei kring to kilometrane frå Runde Miljøsenter til parkeringsplassen i Gøksøyr, som er utgangspunkt for kveldsturen. Herifrå går dei eit kort strekke langs vegen før dei tek av til venstre mot Fuglefjellet. Den første bakken er asfaltert, og det er sett opp rekkverk langs heile det bratte partiet.
Det vert ein pustestopp midt i bakken, og Johannes nyttar høvet til å informere gjestane om omgjevnadane og kva dei ser i det fjerne.
Etterpå går vegen slakt og jamt oppover på godt merka stiar. Nokre let seg sjarmere av dei unge lamma og mødrene deira på fjellbeite.
Ved Goksøyrmyrane naturreservat får deltakarane bruk for kikkertane dei har fått låne av Opplev Runde. Storjoen kosar seg på myra ikkje langt frå stien. Den brune og kvitspragla fuglen er Runde sitt eige «fjellpoliti». Han vil ikkje nøle med å gå til angrep dersom han vert truga – men så lenge du held deg på stien, er du trygg.
Når vi kjem til Fuglefjellet, vert det tid til både forklaring og fotografering...
... før vi startar på den siste, korte etappen mot kveldens sluttpunkt.
Høgdepunktet
Endeleg står Kate og John Tyron framfor Lundeura. Skodelystne turistar og naturfotografar har stilt seg opp på rekkje langs sperringa ytst ved ferdingsgrensa. Likevel er her heilt stilt. Ikkje noko brå rørsler. Ikkje noko høglydt prat.
– De bør stå der borte, kviskrar Johannes og peikar på eit steinfylt område eit lite stykke frå dei andre turistane.
Paret følgjer rådet hans og set seg på ein stor stein.



Johannes hadde rett. Det er eit godt område. Herifrå ser dei mange lundar.
– Sjå, sjå, kviskreropar Kate, med eit breitt smil klistra på andletet medan ho peikar på ein lunde som går inn for landing berre eit par meter frå der dei sit.
Dei sit der lenge.
– Ei fantastisk oppleving...
– ... Eg elska å sjå lundane i sitt naturlege habitat, der dei oppfører seg slik dei burde, seier Kate då vi spør ho og ektemannen om opplevinga ei stund seinare.
– Og eg vart overraska over kor nært vi kom fuglane, seier John.
– Du verdset det du ser endå meir når du forstår kva og kvifor fuglane gjer som dei gjer, held Kate fram.
John nikkar og utdjupar:
– Naturdokumentaren og førebuingane vi hadde med guiden i forkant var verkeleg nyttig. Det mest interessante var korleis livet her på Fuglefjellet heng så tett saman med livet i havet. Dessutan fortalde han oss akkurat kvar vi burde gå. Slike guidar utgjer den store forskjellen på denne typen opplevingar, meiner han.
Kate og John har berre denne eine kvelden på Runde før dei skal vidare til Ålesund og deretter til Lofoten om nokre dagar. Hadde dei visst at her fanst gode overnattingsmoglegheiter i nærleiken, som utleige-leilegheitene til Runde Miljøsenter og luksushyttene til Runde Panorama, hadde dei vurdert å bli lenger.
– Men vi er vande med mykje bilkøyring, så det går bra, smiler John.
Dessutan er det mykje vakkert å sjå frå vegane.
– Fjella, fjordane, kysten... Dette området har alt. Vi kjem definitivt til å anbefale både regionen og lundesafarien med Opplev Runde til vennene våre heime i USA. For denne opplevinga får du ikkje nokon annan stad, avsluttar Kate.
Lundesafari med Opplev Runde
- Sesong: Vår og sommar
- 1. april - 30. april: kl 16:00
- 1. Mai - 8. august: kl 17:00 - Varigheit:
- Frå fire timar (Du går ned frå fjellet når du vil) - Opplevinga inkluderer:
- Guida tur på Fuglefjellet med naturrettleiar
- Middag
- Film og guida omvising på Runde Miljøsenter - Fakta om turen:
- Rundturen frå Goksøyr er på 4,5 km og har ei stigning på 200-300 høgdemeter.
- Det høgste punktet på turen ligg 200 meter over havet. - Praktisk info:
- Deltakarane bør ha gode sko med ankelstøtte og kle seg etter vêret.
- Vind- og vasstette kle og evt skift anbefalast. Det samme gjeld lue og handskar, om det er kaldt.
- Ta med kamera - desse minna vil du ta vare på heile livet!
Fleire historier frå Runde Miljøsenter
Sendebod frå havet
Lundane er bodbringarar frå havet – difor vert dei overvaka og forska på. Les den spennande, visuelle historia.
På tokt i Borgundfjorden: Kysttorskens siste skanse
Kysttorsken i dei norske fjordane står i fare for å forsvinne. Vi var med Runde Forsking på tokt i Borgundfjorden – som er det største gytefeltet for torsk sør for Lofoten. Jobben dei har gjort kan påverke politikarane til å redde kysttorskens framtid – og Norges framtid som eksportør av fisken.
Fjord og forsking i framtidas reiseliv
Norge skal bli mellom verdas fremste berekraftige reisemål, og det innan 2030, seier regjeringa. Korleis er det mogleg? Og korleis skal det lokale og regionale reiselivet løyse utfordringa?
Forsking, leik og læring i fjøra
Barna trudde fjøreforsking med Opplev Runde berre handla om å leite etter krabber, tang og tare i vasskanten. Dei tok feil...
Utforsk kysten – flyt, lær og smak
Å kombinere spennande vassmoro med ein biologitime i fjøresona er kanskje ikkje ein aktivitet du kjem på av deg sjølv. Men det er nettopp det du gjer på coasteering med Opplev Runde.
Denne rullehistoria er laga av JoDa Media for Opplev Runde.