Lær om fuglane
på Runde

Bli med på ei guida omvising i vår vakre fugleutstilling, og la deg fascinere av innsiktsfulle historier om sjøfuglane sine spesielle liv.
Book opplevinga
Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Lær om fuglane
på Runde

Bli med på ei guida omvising i vår vakre fugleutstilling og la deg fascinere av innsiktsfulle historier om sjøfuglane sine spesielle liv.

I gamledagar kunne ein sjå eit enormt fugleliv på Runde. Oppimot éin million flaksande skapningar kom dit for å hekke kvar år. No er der berre rundt 150.000 igjen – og likevel har Runde framleis nokre av dei største sjøfuglkoloniane sør for Polarsirkelen. Difor er øya ein ettertrakta destinasjon for både forskarar, ornitologar og fugleinteresserte turistar. For den sistnemnde gruppa er det utenkeleg ikkje å vitje fugleutstillinga på Runde Miljøsenter, der Opplev Runde sine profesjonelle naturguidar fortel om sjøfuglane sine forunderlege liv og kva rolle dei har i økosystema langs kysten.

Detstore trekkplasteret
er lundefuglen

Runde sin mest populære bebuar er lundefuglen, som kvar vår kjem til øya for å hekke. Folk strøymer til Lundeura i kveldinga frå april til august for å sjå den sjarmerande sjøpapegøyen sverme inn og ut av små grotter i grasslettene i den bratte fjellsida.

Omvisinga i fugleutstillinga på miljøsenteret har for mange gjort turen til Lundeura til ein ekstra spesiell oppleving, takka vere all den nye kunnskapen dei fekk. Visste du til dømes at viss lunden kunne velje, så hadde han mest sannsynleg aldri floge til land, men levd midt ute på storhavet i 3-6 meter høge bølgjer heile livet? Problemet er at egga må leggjast på land, og lundeforeldra passar på å gi kyllingane mat heilt til dei er klare til å forlate reira. Dei er nok letta når det skjer.

Lesetips:

På lundesafari med Opplev Runde

Lundar er sendebod frå havet

Utstillinga førestiller fuglefjellet

Men der er også mange andre fascinerande sjøfuglar på Runde, og dei held til i ulike delar av fjellet. Difor er fugleutstillinga på Runde Miljøsenter designa som fuglefjellet sjølv. Du starar med ærfuglane nede i fjøra, og beveger deg oppover, heilt til havørna høgt oppe i lufta. Undervegs får du høyre fascinerande historier om alt frå gravender og ulike typar måsar – til dei utrydningstruga alkeartane lomvi og alke.

Lomviane har ein tøff start

Visste du at lomviar prøver å minimere tida si på land? Så snart dei kjem til Runde, finn dei seg ein partnar og legg eitt einaste egg. Berre to veker etter at egget klekker, vert ungen skubba ut i vatnet frå 250 meters høgde. Og der ligg han og flyt på bølgjene. Faren blir igjen og tek seg av ungen, medan mora reiser ut for å jakte.

Havsulekolonien vert
stadig større

Ein fugleart du derimot kan sjå massevis av på Runde er havsula. Ho har innteke klippane der krykkjene – som no har flytta andre plassar – budde før. Havsula ser ut som ein pil som stuper i vatnet i 100 kilometer i timen. Faktisk er havsula så aerodynamisk at japanarane hardesigna hurtigtoga sine etter nebbet hennar. Dei fann nemleg ut at dei på den måten kunne minimere lufttrykket toget skaper når det køyrer inn i ein tunell.

Storjoener ein «parasittfugl»

«Fjellpolitiet»på Runde er storjoen. Men han er også ein banditt. Politi fordi han vil angripe deg dersom du vågar å forlate den tilrettelagde turstien og gå ut i myra der han bur i hekketida. Banditt fordi han steler andre fuglar sin mat. På Runde skjer det ved at han jagar havsula heilt til ho kastar opp i sjølvforsvar. Etterpå samlar storjoen opp spyet, tek det med seg til reiret sitt og fòrar det til ungen sin.

Vil du lære meir om det unike fuglelivet på Runde? Meld deg på ei guida omvising i fugleutstillinga på Runde Miljøsenter!

I gamledagar kunne ein sjå eit enormt fugleliv på Runde. Oppimot éin million flaksande skapningar kom dit for å hekke kvar år. No er der berre rundt 150.000 igjen – og likevel har Runde framleis nokre av dei største sjøfuglkoloniane sør for Polarsirkelen. Difor er øya ein ettertrakta destinasjon for både forskarar, ornitologar og fugleinteresserte turistar. For den sistnemnde gruppa er det utenkeleg ikkje å vitje fugleutstillinga på Runde Miljøsenter, der Opplev Runde sine profesjonelle naturguidar fortel om sjøfuglane sine forunderlege liv og kva rolle dei har i økosystema langs kysten.

Bli med på ei guida omvising i vår vakre fugleutstilling, og la deg fascinere av innsiktsfulle historier om sjøfuglane sine spesielle liv.

I gamledagar kunne ein sjå eit enormt fugleliv på Runde. Oppimot éin halv million flaksande skapningar kom dit for å hekke kvar år. No er der berre rundt 100.000 igjen – og likevel har Runde framleis nokre av dei største sjøfuglkoloniane sør for Polarsirkelen. Difor er øya ein ettertrakta destinasjon for både forskarar, ornitologar og fugleinteresserte turistar. For den sistnemnde gruppa er det utenkeleg ikkje å vitje fugleutstillinga på Runde Miljøsenter. Der fortel Opplev Runde sine profesjonelle naturguidar om sjøfuglane sine forunderlege liv og kva rolle dei har i økosystema langs kysten.

Informasjonsboks

Informasjon om opplevinga

Pris
Vaksen: 150,-
Born: 75,-

Billetten inkluderer også omvising i Rundeskatt-utstillinga

Sesong
Vinter, vår, sommar og haust

Tidspunkt
Sommar: kl. 15.00, elles kl. 13.00.
Sjå aktivitetskalenderen for meir info.

Book opplevinga
Det store trekkplasteret er lundefuglen
Trekkplasteret er lundefuglen

Runde sin mest populære bebuar er lundefuglen, som kvar vår kjem til øya for å hekke. Folk strøymer til Lundeura i kveldinga frå april til august for å sjå den sjarmerande sjøpapegøyen sverme inn og ut av små grotter i grasslettene i den bratte fjellsida.

Men der er også mange andre fascinerande sjøfuglar på Runde, og dei held til i ulike delar av fjellet. Difor er fugleutstillinga på Runde Miljøsenter designa som fuglefjellet sjølv. Du starar med ærfuglane nede i fjøra, og beveger deg oppover, heilt til havørna høgt oppe i lufta. Undervegs får du høyre fascinerande historier om alt frå gravender og ulike typar måsar – til dei utrydningstruga alkeartane lomvi og alke.

Lesetips:

På lundesafari med Opplev Runde

Sendebod frå havet

Lomvien har ein tøff start

Visste du at lomviar prøver å minimere tida si på land? Så snart dei kjem til Runde, finn dei seg ein partnar og legg eitt einaste egg. Berre to veker etter at egget klekker, vert ungen skubba ut i vatnet frå 250 meters høgde. Og der ligg han og flyt på bølgjene. Faren blir igjen og tek seg av ungen, medan mora reiser ut for å jakte.

Havsulekolonien vert stadig større

Ein fugleart du kan sjå massevis av på Runde er havsula. Ho har innteke klippane der krykkjene – som no har flytta andre plassar – budde før. Havsula ser ut som ein pil som stuper i vatnet i 100 kilometer i timen. Faktisk er havsula like aerodynamisk som isfuglen – ein type råkefugl som japanarane var inspirerte av då dei designa hurtigtoga sine. Dei fann nemleg ut at dei på den måten kunne minimere lufttrykket toget skaper når det køyrer inn i ein tunell.

Vil du lære meir om det unike fuglelivet på Runde? Meld deg på ei guida omvising i fugleutstillinga på Runde Miljøsenter no!

Book opplevinga

PS. Ei spennande guida omvising med historieforteljing i vår heilt ekte Rundeskatt-utstilling er inkludert i billetten!

Det store trekkplasteret er lundefuglen
Trekkplasteret er lundefuglen

Runde sin mest populære bebuar er lundefuglen, som kvar vår kjem til øya for å hekke. Folk strøymer til Lundeura i kveldinga frå april til august for å sjå den sjarmerande sjøpapegøyen sverme inn og ut av små grotter i grasslettene i den bratte fjellsida.

Lesetips:

På lundesafari med Opplev Runde
Sendebod frå havet

Men der er også mange andre fascinerande sjøfuglar på Runde, og dei held til i ulike delar av fjellet. Difor er fugleutstillinga på Runde Miljøsenter designa som fuglefjellet sjølv. Du starar med ærfuglane nede i fjøra, og beveger deg oppover, heilt til havørna høgt oppe i lufta. Undervegs får du høyre fascinerande historier om alt frå gravender og ulike typar måsar – til dei utrydningstruga alkeartane lomvi og alke.

Lesetips:

På lundesafari med Opplev Runde

Sendebod frå havet

Lomvien har ein tøff start

Visste du at lomviar prøver å minimere tida si på land? Så snart dei kjem til Runde, finn dei seg ein partnar og legg eitt einaste egg. Berre to veker etter at egget klekker, vert ungen skubba ut i vatnet frå 250 meters høgde. Og der ligg han og flyt på bølgjene. Faren blir igjen og tek seg av ungen, medan mora reiser ut for å jakte.

Havsulekolonien vert stadig større

Ein fugleart du derimot kan sjå massevis av på Runde er havsula. Ho har innteke klippane der krykkjene – som no har flytta andre plassar – budde før. Havsula ser ut som ein pil som stuper i vatnet i 100 kilometer i timen. Faktisk er havsula så aerodynamisk at japanarane  har designa hurtigtoga sine etter nebbet hennar. Dei fann nemleg ut at dei på den måten kunne minimere lufttrykket toget skaper når det køyrer inn i ein tunell.