Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Fjelltur

Bli med oss å sjå det flottaste Sunnmøre har å by på. Med ein matpakke spekka med lokalmat tek me ein fjelltur over Runde å ser på dei mest spektakulære utsiktane som finst. Enten om det er storm eller solskinnsdag så er denne turen verdt å ta. Vi et matpakken med utruleg havutsikt, ein kan nesten sjå til Færøyene! Undervegs blir det historier om fugleliv, hav og lokalkultur.

Tek du fjellturen med oss i sommarhalvåret vil det være mogleg å sjå eit eksotisk fugleliv! Kvart år kjem lundefuglen, havsula og alka tilbake til øya, og vi kjem tett på det utrulege fuglelivet. Det er verkeleg ei utruleg oppleving.

Tid
Heildagspakke
Kva?
Vi går ein spektakulær tur i ekte Sunnmørsk kystnatur. Me anbefaler å planlegge ei ekstra overnatting i samanheng med turen.