Opplev Runde er ein del av Runde Miljøsenter

Sunnmørskysten

Me tek imot dykk med nykokt kaffe, og sørger for at alt ligg til rette for ei god samling, med gode møtelokaler og utstyr. Lunsj blir servert i kafèen.

I lunsjen gjer vi oss klare til båttur i øygarden ved Runde. Vi tek ei reise på den barske Sunnmørskysten, med historier om fyrtårn, gullskatter og sjøfuglar. Etter turen spis vi nydelig lokalmat til middag, før vi tek ein tur i utstillinga kor vi får sjå rundeskatten på nært hald.

Denne møtepakken passer best som teambuilding, og me anbefaler at de tek dykk ein ekstra dag på Runde!

Tid
Heildagspakke
Kva?
Opplev Sunnmørskysten frå sjøen. Vi tek dykk med på ein fantastisk tur, med historier om den lokale kystkulturen.